Kyrkjegardane


 Kyrkja forvaltar gravplassane på vegne av alle innbyggjarane i kommunen. Her finn du noko informasjon om dette.

Gravferd og seremoni.
Dei fleste gravferder går føre seg frå kyrkjene våre. Om ein ønskjer gravferdsseremoni i regi av eit anna trussamfunn tek ein kontakt med dei. Desse seremoniane vert haldne i andre lokale enn kyrkja. Kyrkja gjev tilbod om gravferdssermoni og oppfølging.
Fellesrådet forvaltar gravplassane på vegne av heile lokalsamfunnet og er oppteke av at alle skal bli godt ivaretekne og få ei verdig gravferd utifrå livssynet sitt. Gravferdsverksemda er regulert av eigne lover og forskrifter. Gravferdsloven og Forskriften til gravferdsloven er dei viktigaste.

Når ein av våre kjære dør er det mange spørsmål som kjem opp. Helsedirektoratet har gjeve ut ei brosjyre med god informasjon.

Tilbake