Haustfest i kyrkja


Haustfest i kyrkja


Framside: Åsskard Bygdekvinnelag (her) inviterer til hausttakkefest saman med soknerådet. Biletet frå i fjor viser frå venstre Johanne Holten, Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Allis Bæverfjord.

 

Den gamle høgtida Mikkjelsmess lever vidare i kyrkja si hausttakkefest. I Åsskard vil markens grøde og bokutdeling til dei yngste prege søndagens gudsteneste.

 

Åsskard Bygdekvinnelag ordnar som vanleg med haustpynt, frukt og grønt. Sokneprest Pål Arne Winsnes og hans stab leier messa - etter ordninga «Gudsteneste for små og store».

 

4-årsbok og bibel

Mange born møter denne gong. Som ledd i soknet si opplæring vil 4-åringane bli tildelt «Mi Kyrkjebok», samtidig som 5-klassingane får «Teikneseriebibelen» i gåve.

Innhald frå desse bøkene pregar både song og tekst i årets hausttakkefest.

Etter messa er det samver med kaffe, saft og noko attåt i Kyrkjestua.

 

Gudstenesta i Åsskard blir streama på kyrkja sitt TV-nett.

Takk for det gode

Mikkjelsmess 29. september er gammel minnedag for engelen Mikael, som symboliser kampen mot det vonde og for det gode. 

Hausttakkefesten tek utgangspunkt i denne tradisjonen - med takk for årets avling og for livets gåver. Dette pregar gudstenester landet rundt på denne tida av året.

Innsendt av Åsskard sokneråd v. Bernt G, Bøe

Tilbake