Framside: Som i gammal tid- prestane (Lene Gåsvatn og Pål Arne Winsnes) tek imot kyrkjeroarane frå Hamnes. Foto Mali Settem
Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset.
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.
Stor stab i samhandling
Messa tok til med prosesjon og den treffande salmen «I all sin glans nu stråler solen».
Sokneprest i Surnadal, Pål Arne Winsnes, leia dåp og nattverd. I preika tok Rindals-prest Lene Gåsvatn utgangspunkt i Johannes 14. Ho aktualiserte: - Kva betyr pinse for oss her og no?
Klokkarar frå Rindal, Stangvik, Åsskard og Surnadal deltok i liturgiske oppgåver. Tor Rune Halset Sørga for TV-streaming av gudstenesta.
Dåp, takkoffer og nattverd
Fem dåp sette «kyrkja sin fødselsdag» i fint perspektiv. Her vart vesle Iver, Madelen, Signe, Synne og Åsa innlemma i fellesskapet.
Det var stor deltaking ved det faste takkofferet som sokna i Surnadal gir til Det Norske Misjonsselskaps prosjekt i Etiopia og Midt-Austen. Også nattverdmåltidet samla mange.
Kor og fiolin
Med tolv deltakarar la gudstenestekoret på galleriet ekstra kraft og uttrykk i liturgiske ledd og sentrale pinsesalmar. Fiolinisten Elisabet Husby imponerte med lekker utforming av både offermusikk og nyskrivne salmestemmer.
Levande tradisjon
Felles pinsegudsteneste for soka i Surnadal og Rindal har vore tradisjon i Stangvik i mange tiår. Oppslutninga i 2025 tyder på at den vil leva vidare.
Det borgar også soknerådets overdådige kaffeservering for!
Folk på kyrkjebakken før gudstenesta ser mot kyrkjebåten frå Hamnes. Og over dei tonar klokkeklangen. Foto Rannveig Brøske