Noahs ark dag og karnevalsgudsteneste


Noahs ark dag og karnevalsgudsteneste


Hei du som går i 2. trinn!

Har du høyrt om Noah og den kjempestore båten han snekra? Og visste du at det regna i førti dagar og førti netter, slik at heile jorda vart dekka av vatn? 

Vi ønskjer å invitere alle på 2. trinn til eit nytt trusopplæringsarrangement:

Noahs ark-dag

Vi samles tysdag 25. Februar kl 16:30-18:30 i Øye kyrkje. 

Du får:

  1. Høyre forteljinga om Noah
  2. Lage di eiga dyremaske
  3. Ete pølse med brød
  4. Snekre på den store båten inne i kyrkja
  5. Lære sanger til gudstenesta

Påmelding og spørsmål kan du sende til ME428@kirken.no eller sms til 47010316.

Søndag 2. mars treffas vi igjen og skal delta på gudstenesta med det vi har forebudd. Då er heile familien hjarteleg velkomne til å vera med! Då er det fastelavn, og store og små kan gjerne komma utkledd. Etter gudstenesta blir det bollar og saft, og om veret er godt tek vi med grillmat og akebrett opp i bakkane bak kyrkja.

Vel møtt! 😊    Helsing frå trusopplærar Maria og prost Vidar

Tilbake