Felles middag-julespesial!


Velkomne til felles middag julespesial på kyrkjelydshuset onsdag 18. desember frå kl.16.00.

 

Ein onsdag i månaden dekkjer vi bordet til felles middag på kyrkjelydshuset. Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset. Onsdag 18 desember inviterer vi til en felles middag julespesial.

Middag serverast i frå  kl.16.00  og vi avsluttar ca. kl.18.00.

Pris kr. 175, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år.  Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Dagens middag er ribbe, pølser, medisterkaker, rødkål, poteter og julesaus. Til dessert blir det servert riskrem og karamellpudding.

NB! Påmelding til middag må skje innan 13.desember. Ring eller send SMS med antall personar til Gro Hauge Venås mobilnr.  Gjev beskjed om eventuelle matallergiar.

Alle er hjarteleg velkomne!                                           

 Arr. Kyrkja i Surnadal

 

 

 

Tilbake