Framsidefoto: Randi V. Bøe
Heilkvelden med open salmebok vart ein knallsuksess for regissør Bodil Kvam Aasbø og eit 70-tal aktørar i ei fullsett Åsskard kyrkje søndag.
Ti år etter Helge Gudmundsens TV-prosjekt «Salmeboka minutt for minutt» (sett av over 2 millionar) tok barnepedagog og multikunstnar Bodil Kvam Aasbø opptakt til ein minireprise.
Amigos i spissen
Sjøl deltok ho med barnegruppa Amigos frå Bøfjorden på TV i 2014. Søndag var Amigos anno 2024 vertskap for ei stor mønstring på heimebane. Fem kor og songgrupper leia publikum i kyrkja - og heime ved nettskjermane - gjennom eit variert tverrsnitt på 36 songar frå Norsk Salmebok.
Amigos hadde fått med seg gruppa «Lars Jarle & The Big Mamas», det nystarta Komitekoret, Prosjekt 17 og koret Wox til å føre an i allsongen. Kvar for seg tok gruppene vare på særpreget i songane - frå barneviser og folketonar til gospel og hymner.
Musikalsk mønstring
Dertil var kvelden ei imponerande mønstring av mangfaldet i lokalt musikkliv. Instrumentariet spente frå ulike gitarar til fiolin, keyboard, piano og kyrkjeorgel. Songgruppene mønstra kvar sine solistar. Musikkuttrykket hadde alle fargetonar som salmetekstene fortente – utført av barn så vel som profesjonelle.
Gjensyn på video
Eit 10-årsgjensyn på video med Amigos frå «Salmeboka minutt for minutt» viste sjarmerande, frisk barnesong og imponerande unge solistar.
Trampeklapp for Bodil
Krumtappen i det heile, ustoppeleg Bodil Kvam Aasbø, var høgt og lågt - ikkje minst med smakfull handtering av pianoet uansett sjanger. Ho fortente fullt ut både godorda og godteposen frå kyrkjeverje Tor Rune Halset og den taktfaste applausen frå ei fullsett kyrkje.
Tor Rune med godord og godtepose til kveldens altmulegkvinne Bodil Kvam Aasbø. Foto Randi Bøe
Udødeleg folkeeige
Vidar Rygh, Frank Botten og Tor Rune ordna med streaming på nettet. Slik fekk mange synge med også rundt i heimane.
Aktørane og vertskapet Åsskard sokneråd sørga for kaffe og sosial summing etter endt program.
Summarum: Salmeskatten er udødeleg folkeeige og hører oss alle til. Både denne konserten og lokale kyrkjesongkveldar tidlegare i haust understrekar dette til fulle.
Innsendt av Bernt G. Bøe
Per Jarle, Lars, Petur (solist på sitt eige morsmål) og Tore med «Deilig er jorden» - på færøysk. Foto Bernt Bøe
Gunhild Marie Täringskog var solist og dirigent for Komitekoret – som var danna for høvet. Foto Bernt Bøe
Prosjekt 17 «varma opp» til komande søndags julekonsertar – her i finalesalmen «Jeg tror på jordens forvandling». Foto Mali Settem