Amigos med sponsorløp


Framside: 23 innsatsfylte Amigos-medlemmer klare til start.

 

 

Søndag avrunda barnegruppa Amigos i Bøfjorden sesongen med hyggetreff og sponsorløp for ei hjertesak.

 

Gruppa støttar eit misjonsprosjekt i Bangladesh. Inntektene frå søndagens sponsorløp gjekk til dette formålet.

 

Treffet starta med filminnslag frå prosjektet – noko som fekk misjonsmarka så å seie inn i stua på Bøfjorden barnehage.

 

Dei tre 7-klassejentene Vår, Mathilde og Ingrid, som no trer ut av Amigos, fekk kvar sitt sølvkors til takk for deltaking i mange år.

 

Bodil delte ut takkegåve til avtroppande Amigos-jenter: Ingrid, Mathilde og Vår.

 

 

Amigos er eit barnearbeid i regi av Normisjon. Lokalisert til bedehuset Betania i Bøfjorden driv gruppa med hobbykveldar, musikk, turar og andre aktiviteter. Leiar er Bodil Kvam Aasbø.

 

Heile 23 ungar deltok i løpet. Kvar sprang i eige tempo i 10 minutt. Til saman vart det nærare 300 rundar kring skuleanlegget ved barnehagen.

 

Foreldre, slektningar og andre sponsa kvar sine deltakarar med ein viss pengesats for kvar runde. Sluttsummen er enno ikkje opprekna, men kjem på fleire tusen kroner.

 

 

Også vaksne støtta saka – her Sindre Sættem med sine håpefulle. I sekretariatet ser vi Bodil Kvam Aasbø t.h. og Gunnhild Vetleseter Bøe

 

Etter løpet selde dei kaffe og kaker - også for same formålet. Mange kjøpte og kosa seg i det fine vårveret. 

 

Fortente heiarop til ungane - og ikkje minst til den drivande leiaren, Bodil Kvam Aasbø!

 

Bodil Kvam Aasbø i ei av sine mange roller – her fordeler ho drakter.

 

Filmglimt frå Bangladesh viste noko av kva pengane går til.

 

...... Tekst og foto Bernt Bøe  ........

Tilbake

Dagens bibelord:

Surnadal
kyrkjelege fellesråd


Surnadal kyrkjekontor
Besøksadresse:

Bårdshaugvegen 21, 6650 Surnadal
Postadresse:
Postboks 19, 6656 Surnadal
Telefon: 71 65 70 60 
Epost: post@surnadal.kyrkja.no

Åpningstid: Mandag - torsdag 10 - 14

Bankkonto: 4040.55.87256
Organisasjonsnummer: 976997956