Dugnad til felles glede!


Framside: Kyrkjetenar Arnt Erik Otnes var sjef for dugnaden.

 

Det er høgsesong for dugnad. Til konfirmasjon og 17. mai blir det pent rundt kyrkjene våre.

 

Måndag vart det snørta opp på Åsskard. - Rundt tjue deltok. Og sjøl om vi kunne ha vore fleire, kom vi greitt i mål, sa dei rundt kaffebordet etterpå. – Borttekne tre og ein grei vinter gjorde at det var langt mindre lauv enn før.

 

Dugnad er eit nøkkelord for velhaldne og trivelege bygdesamfunn. Da er det særleg grunn til å rose dei, få eller mange, som tek ansvar også der andre av ymse grunnar ikkje får til å vera med.

 

Slik kan fellesskapet glede seg over høgtidsstemning ved kyrkjene sine - takka vere at dugnadsånda framleis er sterk!

 

Kjellaug Sollid (t.v.) og Ingebjørg Sylte Hamnes var tidleg på pletten med rivene sine.  

 

 

Velfortent kaffe med bakels og svele etter endt dugnad. Desse var att da fotografen kom: Kari Johanne Aarnes, Eva Jorid Svendsen, Jane Nordstrand Svensli, Sigmund Gravvold, Lars Jostein Bævre, Kjell Aarnes og Arnt Erik Otnes.

 

Tekst og foto: Bernt Bøe – for Åsskard sokneråd

Tilbake

Dagens bibelord:

Surnadal
kyrkjelege fellesråd


Surnadal kyrkjekontor
Besøksadresse:

Bårdshaugvegen 21, 6650 Surnadal
Postadresse:
Postboks 19, 6656 Surnadal
Telefon: 71 65 70 60 
Epost: post@surnadal.kyrkja.no

Åpningstid: Mandag - torsdag 10 - 14

Bankkonto: 4040.55.87256
Organisasjonsnummer: 976997956