Påskesongmesse i Åsskard


Vårsol i hytteveggen eller høgtid i kyrkja?

Ideen bak fredagens Påskesongmesse i Åsskard kyrkje er: Begge deler er muleg!

Programmet formidlar essensen av høgtida i tekst, musikk og symbolhandlingar. Slik kan fastbuende og turistar oppleve "heile påska på ein kveld"- utan å bryte med vanlege gudstenester.

Sentrale aktørar er liturg Torbjørn Brøske, resitatør Randi Bøe, altsolist Turid Røen Kroknes, fiolinist Synnøve Hammersvold, fløytist Tove Elin Strans og koret Prosjekt 17, leia frå pianoet av Bernt Bøe. 

Bibelsk rollespel
I kyrkja er palmesøndag. skjærtorsdag, langfredag og påskedag metta med dramatisk innhald. Messa i Åsskard kyrkje formidlar dei sentrale bibeltekstane både gjennom lesing og scenisk tablå som rollespelet "Jesu Kristi Sju Ord På Korset". 

Kunst og klassisk
Påska har inspirert både amatørar og verdensnamn i kunst og musikk. Getsemane-måleriet på altertavla i Åsskard talar sterkt denne kvelden. Det same gjer tonar av Elgar, Bach og Handel.

Klassisk og moderne
Handels oratorium "Messias" er kanskje musikkens sterkaste Kristus-skildring. Utvalde satsar frå verket tolkar Jesus som hyrden, som den korsfeste- og som den oppstadne når alt tonar i Hallelujakorets jubel.

Med samtidstekster av lyrikaren Arnold Eidslott, dels tonsett av kompanisten Eilert Tøsse, vil også moderne poesi og dissonerande korklangar prege påskedramaet denne langfredagskvelden. 

Åsskard sokneråd serverar kveldsmat til alle etter årets Påskesongmesse. 

 Bernt Bøe med velklingande musikk av Handel og andre, Eva Jorid Svendsen med velsmakande kveldsmat til alle Foto: Randi Bøe

Framsidefoto av Randi Bøe: P17 koret under øving 

 

Tilbake