Torsdag 4. juni var det feiring av det frivillige arbeidet i kyrkja i Surnadal!
Omlag 50 frivillege møtte opp for å ta i mot velfortent hyllest i nydeleg sommarver.
Kvelden starta roleg med kveldsbøn i Øye kyrkje, så drog følgjet vidare til den koselege Inn på Tunet-garden hos Solveig Haglund i Oppistua, Øye. Her fekk vi servert herleg gulasjsuppe laga av kyrkjeverjen sjølv.
Etter middagen heldt kvelden fram med hyggjeleg samvær. Vi hadde allsong, quiz og fine samtalar og til slutt framførde staben song til dei frivillege.
Kyrkjeverjen takka dei frivillige på vegner av fellesråd og stab, for det store og viktige arbeide dei gjer i kyrkja vår.
Nær hundre tusen gjer frivillig arbeid i Den norske kyrkja kvart år. Berre her i Surnadal medverkar omkring 100 av desse, og så kjem soknerådsmedlemmane i tillegg. Med så mange ekstra hender skjønner vi alle at mykje av det vi driv med ville vore vanskeleg å gjennomføre utan desse gode og flinke medhjelparane vi har!
Så endå ein gong- tusen takk til alle dykk som stiller trufast opp og hjelper oss slik at vi kan halda oppe alle arrangementa og tilboda våre!
Vi ønskjer dykk alle ein god sommar og håpar vi sjåast att til hausten.

Pål Arne Winsnes har sendt oss bilete frå festen.