12. desember


Snart snur sola!
Det er mørketid her i nord. Men, om få dagar merker vi at dagane blir lysare. Det går litt sakte i starten, men etter kvart ser vi at dagane blir lengre. I mellomtida tenner vi lys, og ventar...
I kveld 12. desember, tenner vi lys saman med  konfirmantane på lysmessa i Mo kyrkje kl. 19:30. Mo skulekorps og songkoret Tormod deltek også. Alle er velkomne!

Jesus kom som lys til verda, står det i evangeliet etter Johannes. Men Jesus sa også at vi er verdas lys. Vi skal vera med og spreie lyset. Tenne lys for kvarandre. Vere lys for kvarandre. Det er ikkje mykje som skal til for å lyse opp dagen for andre: ein helsing, eit smil, nokre minutt til å lytte. 

Bli med og sprei lyset!

 

Tilbake