Babysong på kyrkjelydshuset på Skei


På babysong har vi først eit musikalsk program på omkring ein halv time, der vi har kjende og nye barnesongar, regler og rørlse med ulike instrument og effektar. Samspelet mellom foreldre og barn er viktig, og her syng vi med den stemma vi har. Hugs at DI stemme er det vakraste barnet ditt veit! Etter programmet let vi Mamma/Pappa-praten gå medan vi kosar oss med lunsj.

 

Vi bruker inngangen til underetasjen på Kyrkjelydshuset. Etter aktiviteten setter vi fram lunsj. Kr.30 for voksne. Du kan bruke vipps.

 

Denne hausten samlast vi desse torsdagane, kl. 11.00-13.00:


14.sept. – 21.sept. – 28.sept. – 5.okt. – 19.okt. –26.okt. – 2.nov.- 9.nov.-16.nov.

 

 Send ei melding med barnet sitt namn og namn på avsendar til tlf.: 99518162 (Elsa) om du kjem, så har vi ein oversikt over kor mange vi blir kvar gong.

 

     Hjarteleg velkomen!

                Helsing Elsa Jensvold, trusopplærar

 


    

Tilbake