100% LEDIG STILLING SOM KANTOR / KYRKJEMUSIKAR


Surnadal kyrkjelege fellesråd har 100% ledig stilling  som

kantor/ kyrkjemusikar i Surnadal på Nordmøre

 

I Surnadal finn du:

- eit  triveleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer

- eit rikt musikk- og kulturliv som gjerne samarbeider 

- gode instrument

- 6 kyrkjer og eit kyrkjelydshus midt i Surnadal sentrum

 

Søkjar må rekne med teneste i alle kyrkjene i Surnadal.

Oppmøtestad og kontor på kyrkjelydshuset på Skei.

 

Organistoppgåvane i Surnadal er fordelte på to stillingar, og ein må rekne med samarbeide om kyrkjemusikalske prosjekt.

Det vil også vere ein del intern vikariering td. under ferieavvikling m.m.

Mykje av kvardagsaktiviteten slik som møte m.m. går føre seg på kyrkjelydshuset.

 

Vil du vite meir om kyrkja i Surnadal?  

Sjå  www.surnadal.kyrkja.no eller Facebook: https://www.facebook.com/kirkenisurnadal

Digital årsmelding 2022 som visar nokre av våre aktivitetar: https://sway.office.com/LhGSnn5rrcOmJp5r?ref=email

 

 Kvalifikasjonar: 

 Kyrkjemusikalsk kompetanse jfr. tenesteordning for kantorar

 eller anna relevant utdanning.

 Personleg eignaheit og evne til samarbeid vil bli lagt vekt på.

 Førarkort og disponere bil.

 

Vi kan tilby:

Lønn og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverk.

Pensjonsordning i KLP.
Rom for eigne idear og initiativ.

 

Kyrkjene våre er fine musikklokale, med Stangvik som ei særleg god konsertkyrkje.

 

Den som blir tilsett må vera medlem av Den Norske Kyrkja.

   

Søknadsfrist: 31. desember 2023.

Søknad med CV blir å sende til: post@surnadal.kyrkja.no

eller Surnadal kyrkjelege fellesråd,  Postboks 19, 6656 Surnadal.
 

Har du spørsmål om stillinga?
Ring konstituert kyrkjeverje Lene Wilhelmsen på mobilnummer: +47 40492229.

Tilbake