Vil du ha eit godt råd?
Vil du vera med og gi sokna i Surnadal gode sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å sitja i sokneråd?
Neste haust er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nye sokneråd i kyrkjelydane.
Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet.
Vil du vera med på laget?
Kontakt kyrkjekontoret på 71 65 70 60 om du lurer på noko eller har lyst å stilla til val.
Kandidatar til soknerådsvalet må vi ha på plass innan 31. mars, valet er 11. september