Torsdag kveld er årets juleverksted i Åsskard kyrkje. Her kan dei yngste, gjerne i lag med vaksne, delta på ein kreativ hobbykveld.
Nytt denne gongen er det at mange konfirmantar vil vera med - for å laga eigen julepynt og kanskje vera instruktørar for dei minste.
I spissen for aktivitetane står Eva Jorid Svendsen og Randi Bøe. Dei har alt klargjort fine eksempel på kva deltakarane kan laga. Dertil har dei med materialar som alle kan bruke fritt.
Hobbykveldane i Kyrkjestua før jul og påske har slått an og samla mange dei siste åra. Soknerådet legg til rette for liv og trivsel også denne torsdagen.
Og Kari Aarnes er som alltid sjef for den avsluttande kveldsmaten. Den er jo er sjølve prikken over i’en når det er juleverksted i Åsskard-kyrkja.
