Kyrkjekveld for dei små


Kyrkjekveld for dei små


Dyktige barn i kyrkja

 

Kyrkjekvelden i Åsskard måndag samla eit tjuetal små og store. Dei inviterte 4-5-6-åringane var dyktige og livlege brukarar av kyrkja si.

 

På oppdagingsreise i rommet leita dei opp gjømte tegningar av ein kjend barnesong. Dei var ikkje lette å finne. Men da bileta av ein rev, ei sprukken tavle og ein hatt kom fram, stemte gjengen i «Mikkel Rev satt og skrev på ei lita tavle»!

Song og forteljing

Søndag blir det hausttakkefest og 150-årsjubileum i kyrkja. Da får 4- og 6-åringane «Mi Kyrkjebok» som gåve. Frå desse bøkene vart det sunge og fortalt bibelhistorie for lydhøre smårollingar.

 

Leik og høgtid

Å få leike dokkedåp, ringe med klokkene, prøve orgelet og tenne andaktslys fylte kvelden med opplevingar. 

Ei jente hadde med seg eiga dokke til dåpen. Mange var fadrar – og dokka fekk namnet «Marie». Foto Gunhild Marie Täringskog

Med tanke på søndagen vart det også øvd høgtideleg prosesjon, der ungane bar fram frukt og  grønsaker, blomster og lys.

 

Kari serverte

Kvelden toppa seg i feststund rundt matbordet i Kyrkjestua, der servitør Kari Johanne Aarnes hadde mykje godt å by på til små og store.

 

Framsidefoto: Gunhild Marie Täringskog

Innsendt av Åssakrd sokneråd

Tilbake