Gudsteneste og bautajubileum


Gudsteneste og bautajubileum


Sjøl om gudstenestebesøket kunne vore betre, er kyrkjene våre medrekna i 17. maiprogramma dei fleste stadene.

 

Ved kyrkjene i Stangvik, Todalen og Åsskard har det etter krigen også vore markeringar ved soldatminna denne dagen.  

 

Bautaen over Gunnar P. Bøe ved Åsskard kyrkje vart reist for 80 år sia, i 1946, og avduka etter gudstenesta 17. mai det året – med talar av sokneprest Stoltenberg, ordførar Peder J. Bøe og leiar av bautakomiteen, Ingebrigt Snekvik. Åsskard Songlag deltok også.

 

Unge krefter i år

Bøfjorden Historielag har ansvar for minnestund ved denne bautaen kvar 17. mai. Til 80-årsmarkeringa no i 2026 satsa laget på at unge krefter skulle delta og på den måten ta tak i ei gripande og viktig historie. 

 

Slik vart det to av fjorårets konfirmantar, May Hilde og Syver, som heldt tale ved bautaen. Dei to er også aktive i Bøfjorden Teaterlag. 12-åringane Harald og Einar danna flaggborg. Surnadal kommune skaffa krans, som klokkar Randi Bøe la på etter talen og nasjonalsongen.

 

«I bondens tanke på et høyt sted»

Høgtida ved soldatminnet etterfølgde gudstenesta. I alle bygder står kyrkja slike dagar «i bondens tanker på et høyt sted», som Bjørnson seier (med dobbel tyding). Festgudsteneste i flaggpynta rom er fast innslag i komiteane sine 17. mai-program. Slik også i Åsskard denne gongen.  

 

Preiketeksten om Guds fred i både bibelsk og folkeleg forstand, er vel meir aktuell i desse dagar enn nokon gong. Difor var det godt at stikkord som «framtid» og «håp» vart sterkt formidla på denne nasjonalsøndagen. 

 

 

Framside: Minnestunda ved soldatbautaen. Frå venstre Randi Bøe med krans frå kommunen, Harald  og Einar med flagga og talarane Syver og May Hilde. Foto Gerd Anny Gjengstø

 

Syver og May Hilde under framføring av jubileumstalen. Foto Gerd Anny Gjengstø

 

 

Tilbake