Åsskard søndag: Messe og årsfest


Åsskard søndag: Messe og årsfest


Framside: Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og klokkar Randi Vetleseter Bøe inviterer til gudsteneste og årsfest med kaffe og meir til. Foto Bernt Bøe (Arkiv)

 

Søndagens gudsteneste i Åsskard blir etterfølgd av middag og årsmøte.

Samlinga inneheld både tilbakeblikk og framtidsplaner.

 

Prost Vidar Rygh leier messa på 2. søndag i faste. Evangeliet fortel om underet Den kanaaneiske kvinna opplevde. Ei songgruppe støttar liturgien. Vakre salmar står på lista. Utanom nattverd er det takkoffer til det allsidige arbeidet i kyrkjelyden.

 

Festprega årsmøte

I Kyrkjestua blir det middag, kaffe og årsmøte etter gudstenesta. Ein biletserie frå fjoråret viser  rikt og variert liv knytt til kyrkja. Attåt ulike gudstenester var 2025 prega av barnetreff, hobbykveldar, mykje musikk og dyktige konfirmantar. 

 

Gjevarglede for KN

Eksempelvis skaffa Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp i Åsskard i fjor over 46 tusen kroner - tilsvarande permanent vassforsyning for 150 menneske i tørkeramma land.

Konfirmantane i Surnadal samlar store midlar til Kirkens Nødhjelp kvart år. Her er frå Åsskard under fjorårets aksjon. Foto Bernt Bøe

Visjonar for barne- og ungdomsarbeidet blir presentert ved sida av dei historiske linjene som pregar kyrkja ved 150-årsjubileet no i 2026.

Tilbake