Kyrkja i Surnadal startar opp sorggruppe! Kan det vera noko for deg?
Mange kan føle seg åleine om sorga. Derfor kan det vere godt å kome ilag med andre, som har opplevd noko av det same.
Kyrkja i Surnadal tilbyr sorg-bearbeiding i gruppe. Her kan ein finne hjelp og støtte til å leve vidare med sorga.
Diakonane i kyrkja i Surnadal startar ny sorggruppe 12.02.26, og det blir syv torsdagskveldar annakvar veke frå kl.18.00-20.00. Gruppa kjem til å bestå av 5-7 personar og vi har plass til to til. Ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf.nr. 71 65 70 60, om du ønskjer å vere med eller treng meir informasjon. Tilbodet er for alle uansett tru og livssyn.

Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Hauge Venås inviterer til sorggruppe