Velkommen til Lys våken!


Velkommen til Lys våken!


Er du klar for noko spennande? Natt til 1. søndag i advent kan du vere med og overnatte i kyrkja. Vi håper DU vil vere med!

1. søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette skal vi feire, saman med 10- åringar i andre kyrkjelydar over heile landet!                                               

  Vi samlast laurdag 29.november kl 16.00 i Øye kyrkje.

Då skal vi leike, høyre spennande forteljingar, ha juleverkstad, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og sove over i kyrkja.

Vi startar laurdag kl 16:00. På søndag er det frukost og gudsteneste der vi skal vise frem det vi har øvd på. Her er familie og vener velkomne til å vere med.

 

Påmelding innan 27. november til Kyrkjekontoret tlf. 71657060 (man-tor 10-14) eller på e-post: ME428@kirken.no. Skriv navn og nummer til foresatte, samt andre opplysninger vi treng å vite noko om. Alle leverer inn mobiltelefonen når de kjem til kyrkja, eller den kan vere att heime.

Pakkeliste:

Sovepose, liggeunderlag (Ikkje større enn 90x200), drikkeflaske, eit klesskifte, uteklær, toalettsaker, pysjamas, INNESKO og lommelykt.  Leiarane har telefon om du treng å låne. Vi kjøper lørdagskos slik at det blir like eins for alle.

Har du spørsmål? Kontakt menighetspedagog Maria Fiske Eliassen, ME428@kirken.no eller på telefon 47010316.

Vel møtt til ei adventsnatt i kyrkja!

Tilbake