Er du klar for noko spennande? Natt til 1. søndag i advent kan du vere med og overnatte i kyrkja. Vi håper DU vil vere med!
1. søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette skal vi feire, saman med 10- åringar i andre kyrkjelydar over heile landet!
Vi møter opp laurdag 28.november kl 16.00 i Øye kyrkje.
Då skal vi leike, høyre spennande forteljingar, ha juleverkstad, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og sove over i kyrkja.
Vi startar laurdag kl 16:00. På søndag er det frukost og gudsteneste der vi skal vise frem det vi har øvd på. Her er familie og vener velkomne til å vere med.
Påmelding seinast 26. november til Kyrkjekontoret tlf. 71657060 (man-tor 10-14) eller på e-post post.surnadal@kirken.no
Skriv navn og nummer til foresette, samt andre opplysninger vi treng å vite noko om. Alle leverer inn mobiltelefonen når de kjem til kyrkja, eller den kan vere att heime.
Pakkeliste:
Sovepose, liggeunderlag (Ikkje større enn 90x200), drikkeflaske, eit klesskift, utekle, toalettsaker, pysjamas, innesko og lommelykt. Leiarane har telefon om du treng å låne. Vi kjøper lørdagskos slik at det blir like eins for alle.
Invitasjon er sendt il alle døypte 5. klassingar, men alle som vil er velkomne til å bli med.
Har du spørsmål? Kontakt kyrkjekontoret på telefonnr. 71 65 70 60
Vel møtt til adventsnatt i kyrkja!