Barnas Kyrkjekveld i Åsskard onsdag kolliderte med andre aktiviteter. Oppmøtet var difor mindre enn vanleg denne gongen.
Men dei fem som kom, med vaksne attåt, deltok med liv og lyst i eit variert program - leia av Maria Fiske Eliassen og Randi Bøe.
Som små detektivar utforska ungane kyrkjerommet høgt og lågt på leiting etter bortgjømte skattar. Deretter fortalte Maria om hendingane i påska. Eit par songar vart fletta inn.
Artig var det å leike dokkedåp. Og jamen fekk dei lyd i både både kyrkjeklokkene og orgelet! Liv Aurora var «organist» og spela «Lisa gikk til skolen».
Dokka vart skikkeleg døypt. Namneforslaga var mange, og kva dei landa på, hugsar ikkje fotografen
Riktig høgtideleg var stunda ved lysgloben, der dei små etter tur tente lys for kvarandre.
I Kyrkjestua serverte Kari Johanne Aarnes saft, frukt og kjeks som avslutning på kyrkjekvelden denne gongen.
Søndag er det «Gudsteneste for små og store» i Åsskard-kyrkja. Da blir det retteleg barnedåp, meir song og forteljing og - ikkje minst: Da får alle 6-åringane «Mi Kyrkjebok» i gåve.
… Tekst og foto: Bernt Bøe for Åsskard sokneråd …