Tredje søndag i advent kl. 18:00 er du garantert julestemning når «Vi syng jula inn» i Ranes *kyrkje.
På denne tradisjonelle konserten får du høyre aktørar som har vore med i mange år som skulekorpset og hornmusikken, men også debutantane Hedda Moen Gjerstad og Natalie Moen.
Kora Tordenskjold og VOX skal ha kvar sin sekvens med julemusikk, og dei syngjer saman i ein mektig versjon av Fager er jordi. I år får vi også høyra O helga natt framført av solist Sigmund Aasjord saman med koret VOX.
Og, det blir sjølvsagt allsong!
Øye og Ranes sokneråd er arrangør og serverar, forutan julestemning, gløgg og pepparkaker.
Velkommen!