Framside: Koristane Kristian Settem og Borghild Talgø håpar at mange blir med som publikum og medaktørar på allsongkvelden i kyrkja. Foto Bernt Bøe
Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen.
- Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. - Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!
Onsdagens program er innom mykje av dette - nye og velkjende tekster til både tradisjonsrike tonar og nye folkerytmer frå mange kontinent.
Koret Prosjekt 17 krydrar allsongen med overstemmer og inviterer forsamlinga med i enkle fleirstemmige stubbar.
Dei framfører også klassisk musikk av Mendelsohn og fleire store: Ave Maria, Beethovens Lovsang og andre perler.
Prost Vidar Wilhelmsen Rygh leier ein kort liturgisk bolk av programmet. Dermed vil kyrkjesongkvelden også bli Todalen si «gudsteneste» no i første del av oktober.
Det blir høve til å gje kollekt til det kyrkjemusikalske arbeidet.
Allsidige Prosjekt 17 øver i Kyrkjelydshuset i Surnadal – alltid med kaffepause mellom Bellman-viser, salmesatsar og Mendelssohn. Foto Randi Bøe