Todalen kyrkje


Todalen fekk si eiga kyrkje i 1861. Ola Isakson (Hyllnesbukta) stod i spissen for byggearbeidet.

 

Opprinneleg var dette eit svært enkelt gudshus, skriv bygdehistorikaren Leif Halse: - Eit firkanta trekvitt rom utan lem og utan særskilt kor og med eit lite tårn på takryggen. Altartavle var det heller ikkje. I staden reis eit gullmåla trekors opp frå altarbordet. Alt var så enkelt og tarveleg som det kunne bli!
 
I 1876 vart Todalen eige sokn, og sist i 1880-åra vart kyrkja utvida og sett i stand med tårnfot og nytt tårn, kor, sakristi (skriftehus) og galleri. Stangvik-kunstnaren Dorothea Follestad måla altartavle i 1890 - same året som den "nye" kyrkja vart vigsla.
 
Første orgelet var eit harmonium frå ein privat gjevar (Rannei-orgelet). Dette kom til Åsskard kyrkje i 1932, da Todalen kyrkje fekk sitt første pipeorgel - også som privat gåve. I 1995 vart Thorkildsen-orgelet frå 1932 ombygd og utvida til eit moderne orgel med 1800-talet sin orgeltype som stilmessig ideal. Kyrkja har også piano.
 
I samband med restaureringsarbeid i 1932 måla Eyolf Nagell Erichsen ny altartavle. Både Follestad-tavla frå 1890 og det opprinnelege altar-korset finst framleis i Todalen kyrkje.
 
I 2004 fekk kyrkja lysglobe. Same år vart plassen under galleriet omgjort til "kyrkjestue" med m.a. flyttbare bord og stolar.
 
Ein bauta ved kyrkjeporten har namn på soldatar frå Todalen som blir minna for sin innsats for fedrelandet.

Tekst og foto: BB

Tilbake