Velkomne til felles middag på kyrkjelydshuset onsdag 20. november frå kl.16.00


Dagens middag er fiskekaker med stekt løk, råkost og poteter.

Eter ein ofte  middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon andre. For travle småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå.  Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet  ein onsdag i månaden. Middag med ettermiddagskaffi/te serverest i frå  kl.16.00. Treffet avsluttast med ein song kl.17.00.

Pris kr. 100, - for vaksne og gratis for barn opptil 12 år.  Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Påmelding: Ring eller send SMS med antall personar til Gro Hauge Venås mobilnr. 97161071 innan tysdagen før. Gjev beskjed om eventuelle matallergiar.

Alle er hjarteleg velkomne!                                          

 Arr. Kyrkja i Surnadal

Tilbake