Framside: Sentrale aktørar. Frå venstre Bernt Bøe (klokkar og medliturg), Vidar Rygh og Erik Rosenius. Foto Mali Settem
Friluftsgudsteneste - risikosport? - Kanskje. Men også Mesteren opplevde at veret slo om!
Omtrent slik oppsummerte prost og liturg Vidar Rygh søndagens på alle måtar innhaldsrike friluftsgudsteneste på Åsskard Grendaplass. Rik – og vermessig variabel.
Mange samlast ved fotballfeltet framfor gapahuken til dåp av lille Jakob, til nattverd, innhaldsrike salmar og tekster om tilgjeving, samhald og truskap. Sentralt stod preika, der prosten gjorde ein vanskeleg, nesten provoserande, bibeltekst aktuell og jordnær.
Vakrare arena for ei messe med barnedåp ved olsoktider enn denne sletta ved Åsskardfjorden skal ein leite lenge etter. Naboar og soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen hadde ordna alt på perfekt vis. Eva var også prestens høgre hand under gudstenesta.
Usikkert ver hindra roing med bygda sin kyrkjebåt «Hjelmkonnå». Men da skåkbjella ringte til samling, var himmelen blå.
Vidopen himmel
Derimot opna same himmelen sine sluser seinare - under nattverdfeiringa. Kyrkjetenar og TV-teknikar Olav Gjerstad Lindvåg fekk det travelt med å dekkje til kostbart kamerautstyr, og elpianoet måtte i hui og hast flyttast inn i gapahuken.
Frå gapahuken styrte Olav Lindvåg (t.h.) fjernsynsopptak til streaming, med prost Vidar som regissør. Foto Bernt Bøe
Alt bekrefta prost Vidar sine ord: Vind og ver utfordra jo Jesus og fiskarane på Genesaretsjøen like mykje som kyrkjebåten og dåpsfølgjet ved Åsskardfjorden!
Men blåhimmelen kom tilbake – og salmevers gjekk så å seie i oppfylling: «Fjern hver sky av synd og mørke. Våre hjerter er lik blomster som mot solen åpner seg.»
Både dåpsfamilien og folket ved kyrkjekaffen oppsummerte samlinga som ei rik oppleving.
Kantor og operasongar Erik Rosenius song solo under takkoffer, nattverd og postludium. Hymnen frå olsokmusikken på 1100-talet - «Ljoset over landet dagna» - kom til sin rett både tekstleg og historisk.
Vikarorganist Erik Rosenius varmar opp til salmespel og solosong. Foto Bernt Bøe
Trass i krevande forhold sørga kyrkjetenar Olav og prost Vidar for at gudstenesta vart sendt på nettet. Opptak finn ein på linken https://youtube.com/live/UuCGgDEENv4?feature=share
.... For Åsskard sokneråd: Bernt G. Bøe .........