Ranes kyrkje


Noverande Ranes kyrkje er frå 1869. Ho vart vigsla 15. desember det året og hadde opprinneleg 380 sitteplassar. Kyrkja er restaurert både i 1930-åra og i 1980-82.

 

 

To kyrkjer har tidlegare stått på same staden. Den første var bygd først på 1600-talet. Dette var ei stavkyrkje med svaler ikring, og ho var utan tårn og spir.
 
I 1702 vart neste Ranes-kyrkje bygd av meisteren Erik Eikrem frå Straumsnes. Denne "Gammelkyrkja" var ei stor korskyrkje med tårn midt på taket. Ho var raudmåla og tekt med takstein. Hans Bernhoft si altartavle frå først på 1700-talet står i den noverande kyrkja.
 
Men den eldste kyrkja i nedre Surnadal var "Skede Kircke". Den stod på Skei - litt aust for det noverande kommunesenteret - alt rundt 1100. Treskulpturar frå den gamle Skei-kyrkja finst på Vitskapsmuseet i Trondheim.
 
Ranes kyrkje har enno sitt første orgel - frå 1914. Det er eit av dei eldste instrumenta i sitt slag på Nordmøre.
 

Tilbake