Sommarleir 2021


Informasjon om leirar og påmelding - PÅMELDING STENGD

 

Sommarleirar i kyrkja sin regi

Sommarens leirar blir i Oppistu Torvik og på Vaulen på Nordmarka.
Det blir 2 overnattingsleirar for deg som er ferdig med 2.-4. klasse i Oppistu Torvika og
ein overnattingsleir for deg som er ferdig med 5.-7. klasse på Vaulen på Nordmarka.

 

LEIR FOR 2.- 4. KLASSE: måndag 26.juli – onsdag 28. juli og fredag 30.juli – søndag 1. august.

På desse leirane skal vi vere mykje ute. I marka/fjellet på tur med niste og ulike gruppeoppgåver.

På og ved sjøen med båt og kano, bading og fisking. Riding ein av dagane.

I bibeltimane skal vi snakke om at Gud er glad i oss alle, og han vil at vi skal ha det bra.
Vi tek utgangspunkt i ulike bibelforteljingar og mange gode og friske songar.

 

LEIR FOR 5.- 7. KLASSE:  måndag 2. august – onsdag 4. august.

Leiren blir sommarens beste oppleving for deg som gjerne vil vere med og lage aktivitet og spenning.

Vaulen har Krokvatnet og fine område i marka. Her kan vi ha Vaulenturnering med premiering av beste gruppe siste dagen.

Bibeltimar som tek utgangspunkt i historier i bibelen og samtale omkring desse.

Kveldskos kring bålpanna i gapahuken.

Overnatting i lavvo, hengekøye eller seng i huset.
 

 

Mange ungdomar blir med som leiarar. Det er vi spesielt glade for. Kanskje får vi til band i år og.

 

Vil du ha meir informasjon om Oppistu Torvik, finn du det på www.oppogut.com.
Informasjon om Vaulen ligg på heimesida til Surnadal kommune under kultur.

Leirane vert tilpassa covid-19 reglane som gjeld. Om leiren vert avlyst på grunn av covid-19, vert deltakaravgifta refundert.

 

Påmeldinga er no stengd.

Frist for påmelding er 21. juni 2021. Pris pr. leir kr. 800. Søskenmoderasjon kr. 100 pr. søsken. Skriv gjerne i kommentarfeltet at det er fleire søsken påmeldt. Informasjon om betaling kjem på e-post etter påmelding.


Har du spørsmål, ta kontakt med Elsa Jensvold, tlf.: 99518162 eller elsa.jensvold@surnadal.kyrkja.no

Tilbake