Babysong på kyrkjelydshuset på Skei


 

Kyrkja i Rindal og Surnadal  inviterer til trusopplæring for dei minste                                         

På babysong har vi først eit musikalsk program på omkring ein halv time, der vi har kjende og nye barnesongar, regler og rørlse med ulike instrument og effektar. Samspelet mellom foreldre og barn er viktig, og her syng vi med den stemma vi har. Hugs at DI stemme er det vakraste barnet ditt veit! Etter programmet let vi Mamma/Pappa-praten gå medan vi kosar oss med lunsj.

Vi bruker inngangen til underetasjen. Vi tek kr. 30 pr.voksen for lunsjen.

Du kan bruke vipps.

 

Denne våren samlast vi desse torsdagane, kl. 10.00-12.00:


15.april – 22.april – 29.april – 6.mai  

 Send ei melding med barnet sitt namn og namn på avsendar til tlf.: 99518162 (Elsa) om du kjem, så har vi ein oversikt over kor mange som kjem.

 

Hjarteleg velkommen!

Helsing Elsa og Oddveig

Tilbake