Utviding av Åsskard kyrkjegard


 

Utviding av gamlekyrkjegarden på Åsskard

 

Kommunestyret i Surnadal løyva i desember midlar til utviding av kyrkjegarden på Åsskard.

Den andre «ny»-kyrkjegarden er nestan heilt fylt opp. Det er sett ned ein plankomité for utvidinga av kyrkjegarden, med representantar frå soknerådet, fellesrådet og kommunen. I tillegg er det leigd inn planleggjar.

Det vil først bli sett i gang arbeid med forundersøking, med felling av noko vegetasjon og graving av ein del hol for å sjekke grunntilhøva på utvidingsområdet.

Det vil så bli ein planleggjingsperiode fram mot sommaren, og når alle planar er ferdige og godkjende vil arbeidet bli lagt ut på anbod. Forhåpentleg kan ein få gjort noko grunnarbeid allereie til hausten. Mesteparten av ferdigstillinga blir vår/sommar 2022.

Det er planlagd ein namna minnelund og to kistefelt. Detaljerte planar og nabovarsel kjem når desse er klare. Det er tenkt ei buffersone med beplantning mot tilsøytande eigedomar.

Det vil bli noko meir aktivitet og støy enn vanleg på utvidingsarealet i tida som kjem, det skal ikkje verka inn på eksisterande gravplass og funksjonen til denne.

 

Foto: Bernt G. Bøe

Tilbake