Vil du bli med på ungdomsting?
Vil du bli med på ungdomsting?
Vil du bli med på ungdomsting?

Ungdommen er kyrkja si framtid! Vil du gjere di stemme høyrd?

Ungdomsting 2020 i Møre bispedøme blir arrangert 13.-15.mars på Philipshaugen i Øksendal.
Her blir du kjend med andre ungdommar mellom 15 og 30 år, som også vil jobbe for kyrkja si framtid.

For mange ungdommar i Møre bispedøme er dette ein viktig stad der dei kan møte andre kristne ungdommar. Biskop Ingeborg Midttømme er med denne helga. Ho er veldig synleg og tek seg god tid til å snakke med kvar enkelte deltakar.

Det blir m.a.komitéarbeid, workshop, kveldssamling, gudsteneste og sosialt program med mat og aktiviteter.

Kvar kyrkjelyd kan sende to med røysterett. Men det er sjølvsagt opent for å sende fleire om ein ønskjer det.

Påmeldingsfristen er tysdag 10.mars.

https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/more/aktuelt/ungdomsting%20202/

Har du spørsmål? Kontakt trusopplæringsleiar Elsa Jensvold på tlf.nr. 99518162