Målardugnad Stangvik kyrkje
Målardugnad Stangvik kyrkje

Stangvik kyrkje treng måling. Mykje er gjort, men mykje står igjen! No er stillaset reist, og skrapinga er i gang! Men vi treng fleire til å vere med! Soknerådet håpar å få til ein skikkeleg dugnad på dette, og vil bidra med kaffe og noko attåt når vi kjem i gang for fullt! For tida er det skraping av gamal måling som må gjerast, og vil du hjelpe til med dette, finn du skraper ved stillaset! For meir opplysningar, ta kontakt med Rannveig Brøske eller Ola G Gjeldnes!



Dugnadsgjeng Foto: Ranveig Brøske