I god dugnadsånd
I god dugnadsånd

Årets vårdugnader rundt om på kyrkjegardane er godt i gang.
Regn og rusk til tross, det har vore bra oppmøte på vel gjenomførde dugnader rundt om.

Bernt Bøe har sendt inn følgjande tekst og foto frå dugnaden i Åsskard 7.mai:

Ein dyktig gjeng gjennomførte vellykka vårdugnad på Åsskard-kyrkjegardane tysdag kveld.

Veret var litt småsurt, men opphalde og brukbart. Og om lauv og rusk var rått og tungt, gjekk arbeidet med liv og lyst.  Etter halvannan times jobb var området rundt kyrkjehuset, Gammelkyrkjegarden ved Trøa og det nyaste gravfeltet mot Belaelva rydda og fint til nasjonaldag og konfirmasjon.
Denne gongen var det eit tjuetal frammøtte - litt færre enn vanleg - som på fellesskapets vegner tok ansvar for at gravplassar og gravminne tilhørande familiane i soknet vart rydda og ordna.
Soknerådet spanderte mat og kaffe etter dugnadsøkta.


Også den yngre garde deltok. Nærast Elisabeth (12) og konfirmantane Mia og Aurora. Bak ser vi Grethe Husby Settemsdal og Arnt Erik Otnes.

Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Asbjørn Bøe rydda på Gammelkyrkjegarden.

Triveleg ved bordet etter dugnaden. Frå venstre Randi Bøe, Kjellaug Sollid, Arnt Erik Otnes, Gunnar Bele, Bjørn Rønning og Kristin Strand.


Framside: Gunnvald Bøe, Kjellaug Sollid og Gunnar Bele bruka presenningen som transportmiddel for lauv og rask.