Kjempeinnsats for Kirkens Nødhjelp
Kjempeinnsats for Kirkens Nødhjelp

Resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til Fasteaksjonen.
Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 09.04.19.

Rindal : 39.260,-
Åsskard: 12.684,-
Stangvik: 9.972,-
Todalen : 7.612,-
Mo:          10.312,-
Øye/Ranes: 41.488,-
Til sammen har det kommet inn kr.  119.617,- Vipps medrekna.

Takk for hjelpen!
Gro Hauge Venås, lokal leder for Fasteaksjonen  


Lene prest i lag med Daniel Ranheim og Harald Langli. Foto: Kjellaug Foseide

Den store nestedugnaden:

Fasteaksjonen for KN er blant landets største dugnader. Tysdag denne veka har konfirmantar og vaksne bøsseberarar gått dør-til-dør i alle kyrkjesokn. Slik blir det resultat av. I store og små sokn er fasteaksjonen ein del av konfirmantplanen. Og på stader med få konfirmantar trer dei vaksne til – både som sjåførar og innsamlarar.

Vel mottekne
Som i Åsskard, der dei to konfirmantane Mia og Aurora fekk assistanse av soknerådsmedlemmer og andre frivillige. - Men vi vart vel mottekne, sjøl om ikkje alle var heime. Mange hadde pengane klare der vi kom, lydde kommentarane i kyrkjestua etter endt aksjon. Der vanka det saft og bakels og fortent ros frå den lokale aksjonsleiinga.

Konfirmant Aurora leverer velfylt bøsse etter å ha gått frå dør til dør på Nordstranda i Bøfjorden.

Vatn reddar liv!

Årets KN-aksjon fokuserer på å skaffe vatn og sanitærhjelp i utsette område. Under mottoet «Vann forandrer alt» peikar Kirkens Nødhjelp på at reint reddar liv. Behovet er enormt -  over 800 millionar menneske manglar tilgang til reint vatn – men kvart år skaffar KN nødvendig vatn til bortimot 3 millionar.

Da monnar aksjonen i sokna på Nordmøre og resten av landet faktisk ikkje så lite – trass alt! Ikkje minst fordi Kirkens Nødhjelp kan bevise at heile 9 tideler av innsamla midlar går direkte til formålet. Den siste tidelen trengst til organisering og kvalitetssikring av arbeidet.


Soknerådsmedlemmene i Åsskard deltok på kvar sin måte: Gunda Bele (frå venstre) som «konfirmant» (les: bøsseberar), Bernt Bøe som sjåfør og May Britt Johnsen som KN-kontakt med ansvar for samordning. 

Tekst og foto frå Åsskard er innsendt av Bernt G. Bøe