Personvern
Personvern

På grunn av den nye personvernforordninga legg vi ut ei personvernerklæring på heimesia vår.

PERSONVERNERKLÆRING

 I følgje ny lov om personvern er vi pliktig til å informere om at personopplysningar som skal behandlast hos kyrkja i Surnadal og Rindal skal godkjennast av dykk. Ved dåp, konfirmasjon og vigsel må vi ha tillating til å publisere namn i blad og aviser. Dette gjeld også for nett og sosiale media.

PERSONVERN, NETTBASERT BEHANDLING AV PERSONOPPLYSNINGER

Denne personvernerklæringa gjeld for våre nettstader.
Surnadal kyrkjelege fellesråd og Rindal sokn er handsamingsansvarleg for personopplysningar som samlast inn på vår nettside og undersider av denne. Det gjeld eigne databehandlaravtalar for andre tenester.

PERSONOPPLYSNINGAR SOM BLIR HANDSAMA

Eksempel på informasjon som blir innhenta:
- Personnamn og personnummer eller fødselsdato.
- Kontaktperson
- Firmaadresse/fakturaadresse
- Telefonnummer og e-postadresse
- Informasjon om din bruk av nettsida, i form av m.a. kva  undersider som blir besøkt, nettlesarinstillingar og IP-adresse

KORLEIS BLIR INFORMASJONEN INNHENTA?
Kyrkja samlar inn opplysningar gjennom skjema på våre nettsider. Det er frivillig å oppgie denne informasjonen. Dersom du vel å ikkje oppgje  personopplysningane, kan vi bli forhindra  frå å gje deg tilgang til tenesta.

Eksempel på skjema:
- Kontaktskjema
- Ved påmelding til konfirmasjon, aktivitetar i trusopplæringa mm.
- Når ein  lastar ned dokument  t.d. frå våre nettsider

Vidare vil invitasjonar til trusopplæring, bli sendt på grunnlag av opplysningar som ligg inne i Den norske kyrkja sitt medlemsregister

FORMÅLET MED INFORMASJONEN SOM BLIR INNHENTA

- For å kunne gje tilgang til våre tenester
- For å kunne sende relevant informasjon
- For å kunne ta kontakt og tilby våre tenester

Vi opprettar ikkje eigne profilar på bakgrunn av informasjonen som blir innhenta, men kan lagre desse for å yte god kundeservice. Det vi lagrar er basert  kun på informasjon som du frivillig gjev oss, vi hentar ikkje inn informasjon frå tredjepartar.

KORLEIS LAGRAR VI INFORMASJON?
Informasjon som blir innhenta, blir lagra på ekstern server hos Agrando. (Sikker pålogging)

KORLEIS KAN DU SLETTA INFORMASJON OM DEG SJØLV?
Informasjon blir sletta på oppfordring ved å kontakte vår administrasjon.

UTLEVERING AV INFORMASJON TIL TREDJEPART?

Personopplysningane blir ikkje delt med utanforståande tredjepartar, men kyrkja i Surnadal og Rindal  kan bruke underleverandørar til å levere heile eller deler av nettsida. Slike underleverandørar kan handsame personopplysningar på vegne av kyrkja i Surnadal og Rindal, men kan ikkje dele disse vidare utan samtykke.

RETTAR

Som brukar av nettsidene våre har du rett til å krevje innsyn i personopplysningane som vi handsamar om deg, og korleis dei blir handsama. Du kan også krevje retting, sletting og avgrensingar i handsaming  av personopplysningar i henhold til personopplysningslova.

Der handsaminga av personopplysningar er basert på samtykke, kan du til ei kvar tid trekkje samtykket tilbake.

Dersom du meiner at Stangvik og Surnadal kyrkjelege  fellesråd ikkje har overheldt dine rettar i henhold til personopplysningslova, har du rett til å klage til den aktuelle tilsynsmyndigheita. Dette gjer du  ved å sende klage til Datatilsynet, kontaktinformasjon er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no.