Jubileumsgåve til kyrkjene i Øye og Ranes sokn
Jubileumsgåve til kyrkjene i Øye og Ranes sokn

  
 Øye kyrkje vart innvigd 30.06.1871.                                                                    


Ranes kyrkje vart innvigd 15.12.1869.           

Kyrkjene i Øye og Ranes sokn blir snart 150 år.

I samband med desse kyrkjejubilea inviterer vi bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar til å vere med på ei innsamling til ei jubileumsgåve.
I samråd med soknepresten, Vidar Wilhelmsen Rygh, har vi tenkt å skaffe ein ny messehakel for å markere jubileet. Messehakelen er eit liturgisk overplagg som presten brukar ved nattverd og høgtider.

Soknerådet har ikkje store midlar. Det meste går til arbeidet med barn og unge i soknet, så som konfirmantleir, bøker til dei mindre barna mm. Vi treng derfor hjelp til å skaffe midlar til ei slik  gåve.

Det er strenge reglar for korleis slike kyrkjelege tekstil skal utformast, og det vil ta tid å sy. Derfor har vi allereie vore i kontakt med Anne Botten Stokke, som er sertifisert til å sy slike plagg. Vidar er med på utforming og valg av symbol på tekstilet, og soknerådet har fått eit forslag som vi har godkjent. Dette utkastet vart sendt vidare til høgare kyrkjelege organ for godkjenning, noko vi no har fått.

Eit slikt plagg vil koste ca. 35.000 kr. Soknerådet tek sikte på å få messehakelen ferdig til bruk under jubileet sommaren 2020.

Så kjære sambygdingar, vi håpar de kan hjelpe oss med dette, til glede for alle.

Vi er glade for små og store bidrag – alt gjer monn. Kontonummer: 4040.55.81614         Vipps: 553119

Vennleg helsing Øye og Ranes sokneråd v/leiar Olav Mauset