Vi syng jula inn 3.søndag i advent kl.17.00 i Ranes
Vi syng jula inn 3.søndag i advent kl.17.00 i Ranes

Tradisjonen tru, så samlast mange gode musikkrefter frå Surnadal til den tradisjonelle julekonserten i Ranes kyrkje 16.desember. Kor, korps og solistar stiller også i år og vil vere med å sette oss i julestemning med eit variert og fint program.

Dei som er med: Surnadal Hornmusikk/ dir.Einar Sødergren, Surnadal Skolekorps/ dir.Anja Poulsen, Tordenskjold Songlag og Songkoret Tormod /dir.Elin Persson og Damekoret Credo /dir.Oddveig Helset Halle. Solistar er Pernille Kvande, Kirsten Næss, fiolin og Tove E.Strand ,fløyte.
Det vert allsong der vi syng gamle og kjende julesalmar.
Diakon Aud Brynhild Indset deltek med  «Tankar i advent».
Øye og Ranes sokneråd ynskjer alle velkomne til ei fin stund i kyrkja!