Bli med i barnekor i Surnadal!
Bli med i barnekor i Surnadal!

BLI MED I BARNEKORET JUBILATE!

Denne hausten blir det oppstart med barnekor for ungar på 2.-4.trinn frå Stangvik, Todalen, Mo og Bæverfjord, saman med elevar frå Øye skule. Alle som har lyst til å lære meir om å synge, alle som vil lære nye songar og alle som vil synge saman med andre er hjarteleg velkomne! 

I koret vil du… 
…få opplæring i å synge og i det å synge saman med andre.
…få lære mange nye, flotte songar i ulike sjangrar.
…få vere med på å opptre og halde konsertar.
…få oppleve leik og moro med musikk.
…ikkje minst få ha det gøy saman med andre som også likar å synge!

Høyrest dette ut som noko du kan like? Bli med da vel!

Øvingane vil vere i Øye kyrkje på torsdagar kl 13.50-14.30.

Der vil det først bli litt frukt før vi øver.

Har du lyst til å være med? Eller lurar du litt på kva dette er?
Da kan du komme til første øving torsdag 13.september. Både barn og foreldre er velkomne til å vere med!

Velkommen!

Med vennleg helsing
Oddveig og Hedda

Lurar du på noko? Ta kontakt med oss på e-post eller telefon:

Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal
e-post: oddveig.helset.halle@surnadal.kyrkja.no
Mobil: 975 94 512

Hedda Hansen Berg, organist i Stangvik
e-post: hedda.hansen.berg@surnadal.kyrkja.no
Mobil: 924 23 636

Send gjerne påmelding på e-post eller SMS. Det er også greitt å berre møte opp utan påmelding dersom du berre vil sjå og høyre første gongen.

Skyss - Korøvingane foregår etter skuletid, i SFO-tida, så ungane er avhengige av skyss. Dei som går på Stangvik skule kan sitte på med bussen frå skulen inn til Surnadal. Om nokon treng skyss så ta kontakt, så skal vi prøve å finne ei løysing på dette. Øvingane sluttar tidsnok slik at ungane kan vere med skulebussane heim.

 

Arr. Kyrkja i Surnadal