Messe ved fjorden
Messe ved fjorden

Dei som besøkte strandmessa ved Bøkleppnausta i Bøfjorden søndag, fekk ei flott dåpsgudsteneste under strålande sol i vakkert fjordlandskap.

Einy Rendal Elgsæther steppa inn på kortaste varsel som prestevikar for sjukmeldte Kristin Strand. Gunda Bele og Arnt Kjetil Bøe sørga for at sokneråd og idrettslag samarbeidde godt om tilrettelegging og om innlagt «kyrkjetrim».

Dåpsbarnet Victoria Bøe Arntsberg stammar frå staden – med bestemor frå Bøkleppen.

Takkofferet gjekk til Åsskard kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt under langt andre himmelstrøk – i Beghi i Etiopia.

Einy Rendal Elgsæther leia messa på den gamle husmannsplassen.(Foto: Randi V. Bøe)

Altar og kors - med same språk som naturen og fjordhistoria. Svinnesnebba og Torjulvågen i bakgrunnen. (Foto: Bernt G. Bøe)

 

Innsendt av Bernt G. Bøe