STRANDMESSE I BØFJORDEN
STRANDMESSE I BØFJORDEN

Søndagens gudsteneste i Åsskard er friluftsmesse ved Bøkleppnausta. Kristin Strand forrettar. Det er også barnedåp.

Vårens «Kyrkjetrim» er knytt til friluftsgudstenesta. Folk blir oppmoda om å gå, sykle, segle eller ro til den idylliske arenaen ved stranda like sør for Bøkleppen. Kyrkjebåten Hjelmkonnå er eitt alternativ. Det går bilveg heilt fram, men siste stykket høver godt som spasertur.

Idrettlaget sørgjer for saft til tørste trimmarar. Etter gudstenesta blir det ein enkel kaffekopp. 
Den som deretter vil besøkje opningsprogrammet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, kan kjøpe både middag og kaffe der.

Gudstenesta startar kl. 12. I høve dårleg ver blir den lagt til Åsskard kyrkje.

Frå ei tidlegare friluftsgudsteneste ved Bøkleppnausta