Konsert i Stangvik kyrkje lørdag 16.juni kl. 17.00
Konsert i Stangvik kyrkje lørdag 16.juni kl. 17.00

Lørdag 16.juni  inviterar Stangvik sokneråd til konsert i kyrkja. Vi får besøk  frå Trondheim og kyrkjekoret Hoeggen Vocale  med  dir. Oddrun Bølset . Dei vil framføre eit rikt og variert program ; alt frå Bruckner, via norske og svenske folketonar og korverk av J. Rutter.

Koret  vart stifta i 1990 som kyrkjekor knytta til Hoeggen kyrkje i Trondheim og dei avsluttar kvart semester med ein konsert/tur  der dei gjestar ulike kyrkjer omkring.Dei blir også med på gudstenesta i Øye kyrkje same helg.

To unge musikarar frå Surnadal vil også vere med å sette sitt preg på konserten ; Kirsten Næss på bratsj/fiolin og Brage Einum på piano. Vi gler oss på høyre dei to framføre musikk av Bruch og Piazzolla , Debussy og Grieg.

Billett 150 kr.