Friluftsgudsteneste i påskesol
Friluftsgudsteneste i påskesol

Friluftsgudsteneste på Haugligardane i Todalen har vore tradisjon på andre påskedag heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja. Som regel har sola gjesta forsamlinga - slik også i år!

Sokneprest Kristin Strand opna gudstenesta med å lova at sola skulle koma – og det stemte!
I «Guds heilage naturkatedral», som ho kalla gudstenestestaden ovafor Bruset i Todalen, ble det forretta gudsteneste og preika handla om det store og ufatteleg i påskeevangeliet.

Dagens takkoffer gjekk til kyrkjelydsarbeidet i Todalen, der ein del av inntekta skulle brukast til årets konfirmantar som skulle få kvart sitt eksemplar av den nye salmeboka.


Anders Gjeldnes med kyrkjeklokka  Foto: Jon Olav Ørsal

Trimgruppa i Todalen har gjennom alle år hatt eit godt samarbeid med soknerådet i forbindelse friluftsgudstenesta, og hadde fyrt opp storgrillen og serverte varme pølser med tilhøyrande utstyr og ein kaffikopp til den som ønska det.


Trimgruppa med grillmat  Foto: Jon Olav Ørsal


Organist Bernt G. Bøe feira si 16. friluftsgudsteneste med batteriorgel i snøkanten på Haugligardane.

Øvrige foto: Bernt Bøe og Randi Vetleseter Bøe