LUTHER SANG OG GLEDE
LUTHER SANG OG GLEDE

Med m.a. Bernt Bøe, Tordenskjold songlag og damekoret Credo.

«LUTHER SANG OG GLEDE»  har vi kalla salmekvelden i Ranes kyrkje ons.18.okt.kl.19.30. Denne kvelden vil vi få  høyre kåseriet «Glimt av Luther» av Bernt G.Bøe. Kyrkja markerer dette året 500 års jubileum sidan reformasjonen og her i Surnadal har vi hatt eit korprosjekt med Damekoret Credo og Tordenskjold Songlag, der vi har øvd inn 3 av Luther sine salmar. Elin Persson er dirigent for felleskoret. Vi  får høyre Linda Humberset på trompet og Ingrid Tørset Næss på kornett med kantor Oddveig Helset Halle på orgel, i eit flott arrangement over salmen «Vår Gud han er så fast en borg». Vi inviterer til ein fin kveld med mykje korsong og allsong der vi inviterer heile kyrkjelyden til å syngja saman salmane  som har vore sunge i kyrkjene våre i 500 år.