LYS VAKEN
LYS VAKEN

Vil du bli med på overnatting i kyrkja?

Hei!

Har du lyst til å vere med på noko spennande? Vil du vere med på LysVaken?

1. søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette skal vi feire, saman med

10- åringar i andre kyrkjelydar over heile landet!

Natt til 1. søndag i advent, altså laurdag 2.-søndag 3. desember, inviterer vi deg til å bli med på LysVaken.

                         Vi samlast laurdag 2.12. kl. 16.00 i Øye kyrkje

Då skal vi leike, bli kjende med kvarandre, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og sist, men ikkje minst sove over i kyrkja. Vi tek kr.100,00 pr. pers. som er for 3 måltider.

Betal når du kjem, eller få tilsendt giro.

På søndag et vi frukost saman før vi førebur oss til gudstenesta. Når denne tek til, skal vi vere med og vise kva vi har øvd på. Foreldre og søsken er hjarteleg velkomne til å bli med.

 

Snakk med dei vaksne i huset og be dei melde deg på innan fredag  24. november til Kyrkjekontoret tlf. 71657060 (man-tor 10-14) eller på e-post: post@surnadal.kyrkja.no.

Du må ha med deg: sovepose, liggeunderlag, eit klesskift, uteklær, toalettsaker, pysjamas, innesko, bibel og lommelykt

 

Vi som skal vere med i kyrkja ynskjer å ha namn og telefonnr. til ein av dine føresette. Vi må og vite om du er allergisk eller brukar medisinar. Alle leverer inn mobiltelefonen når de kjem til kyrkja, eller den kan vere att heime. Leiarane har telefon om du treng å låne. Vi kjøper lørdagskos slik at det blir like eins for alle.

 

Hjarteleg velkomen!

Med venleg helsing

Sokneråda i Øye-Ranes og Mo,Vidar, Elsa og nokre ungdomsleiarar.