Nypussa kyrkje
Nypussa kyrkje

Siste strøk på ei nymåla Åsskard kyrkje blir no tekne. Rundt 40 personar har vore med i sommarens kjempedugnad.

Siste strøk på ei nymåla Åsskard kyrkje blir no tekne. Rundt 40 personar har vore med i sommarens kjempedugnad.

Onsdag kveld kunne stillaset på nordveggen rivast, og eit skinande kvitt kyrkjehus smiler no mot vegtrafikken.

- Dei andre veggane treng enno nokre drag med kosten, og målinga av tårnpartiet blir utsett til neste år, seier soknerådsleiar May Britt Johnsen. - Men no vil vi feire det som er gjort. Om eit par veker inviterer vi dugnadsfolket til ein hyggekveld som takk for stor innsats!

Kyrkja vart sist måla i 2004, men dårleg målingskvalitet og soppangrep gjorde at ny oppussing måtte til så kort tid etter. Bæverfjordingane og bøfjordingane har utgjort kvar sine arbeidslag, og dei har jobba to pluss to kveldar kvar veke sidan først i juli – med vasking, spyling og måling.

Soknerådet har samordna dugnaden og skaffa måling og utstyr. Her har leiar May Britt Johnsen teke særleg ansvar. Servering etter arbeidsøktene har også vore utført på dugnad – av frivillige frå ytre og indre del av soknet.

 

................

 

Jan Magne Holten og andre «innågardingar» fullfører tredje strøket på nordveggen onsdag kveld.

 

May Britt Johnsen og Gunda Jorid Bele i soknerådet gler seg over at den tidlegare så flekkete og grå kyrkja kan vise seg skinande nypussa.

 

Dagmar Bæverfjord hadde serveringa denne kvelden. Og den fall i smak hos ein svolten arbeidsgjeng - frå venstre Hans Bævre, Lars Jostein Bævre, Lars «Gute» Bævre, Knut Sæterbø, Kjell Aarnes og Jan Magne Holten.