Meir om babysongen

Babysong er ein triveleg møteplass for foreldre og barn, der ein kan gjere noko moro og meiningsfullt i lag, og treffe andre babyar og foreldre. 
Vi ønskjer å legge til rette for å styrkje dei gode banda mellom ungar og foreldre gjennom song, leikar/rørsle, rim og reglar. ”Songen i seg sjølv er den forma som mest direkte og uttrykksfullt ved hjelp av stemmen, når fram til barnet. Foreldra si stemme, når dei syng og trallar, skaper ei kjensle av å høyre saman” (frå ”Musikk i livets början”). Det kjem då ikkje an på korleis ein syng, men AT ein syng… ”Heller en følelsesladet sang full av uttrykk og lyst til å fortelle, enn fantasiløs, men ren sang” (frå "Visor i väntan"). Vi ønskjer å gi familien ein songskatt som inneheld tradisjonelle viser, rim og reglar, nyare songar, og songar som gir eit positivt Gudsbilde. Slik blir babysong ein del av kyrkjelyden si trus-/dåpsopplæring til dei aller minste.

Samlingane er enkelt lagt opp. Vi nyttar vår eigen stemme og evt. litt musikk frå aktuelle CD’ar til leikar og rørsle. Vi brukar og nokre rytmeinstrument og nokre andre effektar. Programmet er nokså fast frå gong til gong for å skape gjenkjenning. Foreldra oppmuntres til å ha fokus på barnet medan vi syng og leikar… Om du ikkje er vant med å synge saman med andre, kan dette vere eit fint høve til å prøve deg fram!!!

Babysongen (babyar 0-1 år) møtast på formiddagstid (kl. 11-13) og et lunsj i lag etter programmet.

Velkomen til alle med barn i aktuell alder!!!