Informasjon om gravlegat og -stell
Informasjon om gravlegat og -stell

 Oversikt over kva kyrkjeverja kan tilby av tenester

Gravstad er festar sitt ansvar. Dei fleste er interesserte i at gravstaden skal vera i skikkeleg stand
Ikkje alle festarar har moglegheit til dette pga. t.d. helseproblem, at dei bur langt unna gravstaden eller liknande. Ikkje alle veit at ein kan kjøpe tenesta gravstell frå kyrkjeverja.

På kyrkjegardane i Rindal og Surnadal kan ein betale for gravstell utført av Karen Oddnys Heim- og Hagetenester. Prisane for stell i 2014 kan du lese lenger ned på denne sida. Prisane er inkludert administrasjonstillegg. Prisane vert justerte kvart år og faktura vert utsendt på våren, før plantinga tek til.

Å opprette gravlegat vil seie å forskotsvis betale inn eit større beløp, som over ein avtala periode på til dømes 20 år, vert bruka til stell av ein gravstad. Ein skriv avtale for kva slags type stell ein vil ha og så går avtalen til legatet nærmar seg tomt. Då får ein tilbod om fornying eller avslutting av legatet, evt. overgang til gravstell betalt forskotsvis på årleg basis.

Om du vil skrive stellavtale eller opprette gravlegat for ein gravstad du har ansvar for, ta kontakt med kyrkjekontoret, gjerne på e-post: post@surnadal.kyrkja.no
E-post til denne adressa vert lesen av kyrkjeverja og to sekretærar.

Her finn du skjema som kan fylles ut.  KONTRAKT PÅ GRAVLEGAT  og slipp for ÅRLEG STELL

Prisar for årleg stell, betalt på forskot:

Vårplanting:                                                                            
275,- pr gravminne.
Planting først i mai med stemorsblomar. 
Desse vert bytta ut ein gong i løpet av sesongen.

Sommarstell (ordinær standardmodell):
1120,- pr gravminne.
Planting av sommarblomar ca. 25. mai - 15. juni,
inkluderer gjødsling, luking, evt. reparasjonsplanting,
kantklipp, vatning og haustrydding først i oktober.

Haustplanting:
275,- pr gravminne.
Planting av haustlyng eller lignande.

Julestell:                                                                                  
385,- pr gravminne.
Mose- eller barkrans med lys som brenn i 3 døgn.
Vert lagt ned på lillejulaftan.

I tillegg kan ein t.d. avtale fornying av skrift
på gravminne, tenning av lys/kranspålegging etter ønske.