Gravferd
Gravferd

Her finn du  informasjon som kan væra nyttig ved dødsfall og gravferd.

1.  Kven skal kontaktast ved dødsfall?
Legen er gjerne den som kjem fyrst til staden i samband med dødsfallet. Han skriver ein erklæring som sendes til lensmannen.
Lensmannen ønskjer kontakt med dei pårørande. 
 
Det er ingen ting i vegen for at dei pårørande tek hand om dei praktiske oppgåvene sjølv. Kyrkjekontoret kan gi praktiske råd om dette. Gravferdsbyrået kan gi god hjelp i samband  med dødsfallet. Men det er ikkje ønskelig at byrå, prest eller andre "overtar alt".
Byrået yter den hjelp de ber om. Det kan være å syte for kiste, nedlegging, transport frå sjukehus, trykking av songar etc.
 
Soknepresten kontaktast om det skal vera kyrkjelig gravferd. Det kan også holdast borgarleg gravferd. Gravferdsbyrået kan gi nærare opplysningar om dette.
Med presten avtales dag og tid for gravferda. Presten avtaler ein samtale med dei pårørande. Han har god tid til dykk denne dagen, og vil gjerne lytte til det de vil snakke om. På grunnlag av denne samtalen skriver han minnetalen til gravferda. Samtala holdast som regel i heimen til avdøde eller hos dei pårørande. Her kan ein og drøfta dei praktiske spørsmåla ein har til gravferdsdagen.
 
Dødsannonse
Dei pårørande kan sette den opp sjølv og ringe den inn til avisa, eller få hjelp av gravferdsbyrået. Dag og tid for gravferda må være avklara med kyrkja før ein sett inn annonse.
 
Gravplass
Før du velgar gravplass, bør du finna ut om de allereie har gravplass som kan brukast. Vanleg fredingstid for grav er 20 år, nokre plassar er freda lengre av ulike grunnar. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverja vise kva for plasser ein kan velja i mellom. Alle har rett på frigrav i 20 år. Fri grav gjeld berre for ny grav, om ein ynskjer å setje av (bygsle) grav attmed må ein betale for denne frå fyrste dagen. Ei grav som fyrst er bygsla kan ikkje gjerast opp at til frigrav. Dette må avtalast med kyrkjeverja så snart som mulig. Kyrkjeverja kan også svare på andre spørsmål som gjeld gravferd, stell av graver og gravlegat.
 
 2. Gravferda
Gravferdsdag  og tid vert avtala med kyrkjeverje, prest og gravferdsbyrå. Dei vanlegaste dagane for gravferd er tysdag til fredag. Vanleg tid er 11, 12 , 12.30 eller 13
Ei gravferd varar ca. 1 time. Mange tykkjer det er godt å koma i god tid, sitte stille og roa seg ned i kyrkja før gravferda. Denne dagen bør ein ikkje leggje andre planar.
Alle nære pårørande har rett til fri frå arbeid til å delta i gravferd. Etter gravferdsseremonien i kyrkja , førar vi den døde til grava.
Kista vert bore frå kyrkja til gravstaden. Det er naudsynt med 6 personar til å bæra, dette kan vera både kvinner og menn. Vi brukar tau til senking.
 
Syning
Både vaksne og barn kan gjerne sjå den som er død. Syninga kan skje i heimen, på sjukehuset, i bårerommet sjuke/aldersheimen, eller i kyrkja før gravferda. Avtal syning i god tid med institusjonen, heimesjukepleiaren, kyrkjetenar eller byrået.
 
Barn og gravferd
I dei fleste familiar som opplever sorg, vedkjem det og barn. Det er best for barna å være med og være nær foreldra sin, og ta del i sorga. Barn treng roleg og trygge vaksne nær seg. Barn og vaksne kan uttrykke sorg saman. Normalt bør barna få sjå den som er død, og være med i gravferda. Lat dei få uttrykke det dei følar gjennom spørsmål og kommentarar, handling (f.eks. leggje ein blome eller ei teikning på kista eller på grava).  
 
Kremasjon
Spørsmål om kremasjon kan ein ta opp med kyrkjeverje eller byrå.
 
Salmar i gravferda
Vi synger tre salmar i kyrkja og to - tre salmevers på kyrkjegarden. Salmane kan ein tykke på egne ark, eller ein kan bruke salmebøkene som er i kyrkja.
Organistane har laga ei liste med framlegg til salmar ved gravferd. Den finn du her.
Det finnes og ein perm med CD og oversikt over salmar og musikk som er vanlig brukt til gravferder, kom gjerne med egne ynskjer!!
 
Minnesamvær
Et minnesamvær kan være ein god måte å ta vare på samhald i familien og grenda, og samtidig vise den daude ære. Det kan være ope for alle eller bare for dei næraste.
Det er fint om ein ven eller ein i familien kan være vert. Minnesamvær er sjølvsagt ei  frivillig sak. Prest eller klokker kan hjelpa til og td. ha ein andakt på minnesamværet. Det kostar ingen ting.
  
Gravminne
Sjå kyrkjegardsvedtektene. Her står dei reglane som gjeld for gravminne (gravstein) og festeavgift. Du har ikkje plikt til å sette opp gravminne.
            
Prisane på gravminne varierer mykje, frå kr 5.000,- til 15.000,- etter storleik og dekorasjon. Gamle gravminne kan brukast opp at, etter oppussing. Ei slik løysing vert rimelegare enn ny stein og gjev eit svært godt resultat. Du har god tid til å bestemme deg etter gravferda. Kontakt gjerne kyrkjeverja for råd om val av gravstein.
 
Etter gravferda
Etter eit dødsfall kan du få mange slags kjensler som sorg, einsemd, bitterheit, kraftløyse, - men også lette om ein tung periode er over. Mange spørsmål av praktisk og åndeleg art kan dukke opp.
Sit ikkje aleine i sorga. Ta kontakt med andre, vener og familie kan brukast.
Det er og mogleg å ta kontakt med kyrkjekontoret om ein treng nokon. Interessefellesskap og arbeid kan hjelpe deg vidare, men unn deg sjølv kvile og ro til ettertanke.
 
Hjelp gjennom sorga
Har du mange spørsmål omkring dødsfallet, kan du godt ta kontakt med lege, heimesjukepleie, eller institusjonen der dødsfallet skjedde. Prest og diakon  står og til teneste om du ønskjer å tala med dei. Naboar og venner kan være til hjelp. Kanskje kan du bli med i ein sorggruppe der vi deler erfaringar om sorg. Ta kontakt.

Når en av våre nærmeste dør
På hjemmesida til Sosial- og helsedepartementet er det ei side med praktiske opplysninger som etterlatte kan få bruk for når noen i familien dør. Tema: begravelse, skifte, arv, økonomi, forsikring, dødsfall i utlandet, sorgarbeid mm.