Melding til dåp
Melding til dåp

Melding om dåp skal skje til kyrkjekontoret for soknet der barnet er busett, m.a. fordi det er denne kyrkjelyden som får tilsendt fødselsmelding frå folkeregisteret. 

Kyrkjekontoret vil så sende dåpsmelding med nødvendig informasjon til kyrkjelyden der barnet skal døypast.

Merk: Det er viktig først å kontakte kyrkjekontoret for soknet der dåpen skal vere, for informasjon om gudstenester og fastsetting av dato. Dåp i kyrkjene i Rindal og Surnadal kommunar skal tingast i god tid og seinast 2 veker før dåpsdagen.

Nødvendige opplysningar ved melding til dåp:

  • Namn, personnummer og adresse til barnet
  • Namn, fødselsdato og adresse til foreldra
  • Namn og adresse til fadrane

Kven kan melde dåp?

Melding til dåp av barn kan framsetjast av foreldra.

Fadrar
Fadrane skal vere vitne om at vedkomande er døypt med ein kristen dåp og vert dessuten pålagt å ta del i ansvaret med å hjelpe til at den døypte kan bli hos Kristus når han/ho veks opp.
Fadrane skal:

  • vere over 15 år. (Dispensasjon vert gjeve for personar som er 14 år og konfirmert).
  • vere ”ærlege og uberykta” (N.L.2-5-5)
  • tilhøyre Den norske kyrkja. Medlemmer av andre kyrkjesamfunn kan vere fadrar når dei ikkje forkastar barnedåpen, likeså personar som står utanfor eitkvart kyrkjesamfunn når dei ikkje fornektar den kristne trua

 

Antal fadrar

Minimum 2. Foreldra kan ikkje stå som fadrar.
Det skal vere minst to fadrar til stades ved dåpen. Fadrar som ikkje kan vere til stades, kan likevel førast opp, om minst to av dei andre fadrane er til stades. Det er ikkje høve til å bruke andre personer i staden for fadrar som ikkje kan møte.

 

Dåpssamtale
Før dåpen vil presten ha ein dåpssamtale med foreldra. I utgangspunktet er det presten på heimplassen som har denne samtalen.
Vil du vite mer kan du finne meir informasjon her.